Banner - topp

For læraren

Bioteknologiskolen er ein fleksibel læringsressurs som kan brukast innanfor fleire fag i vidaregåande opplæring. Filmane vil òg vera relevante på 8.–10. trinn i grunnskulen.

Bioteknologi er eit felt i rask utvikling og derfor vil desse filmane vera eit svært nyttig supplement til lærebøkene og i tillegg gje ei fordjuping utover det lærebøkene tilbyd. Filmane gjev fengande innfallsvinklar til eit lærestoff mange elevar vil oppfatta som vanskeleg og komplekst.  

Film 1, Bioteknologi, gjev ein kort introduksjon til kva bioteknologi er og kva fagfelt og problemstillingar som er sentrale når det gjeld forskinga innanfor bioteknologi. Kvar av dei andre filmane tek føre seg eit bestemt tema og er meint som eit grunnlag å arbeida ut frå.

Me vil ikkje tilrå å sjå alle filmane etter kvarandre, men heller bruka dei føreslegne oppgåvene til å arbeida vidare med informasjonen og problemstillingane i enkeltfilmane. Arbeidsoppgåvene til filmane er plasserte under kvar film på fana ”Filmer og oppgaver”. Oppgåvene kan kopierast og tilpassast fritt det undervisningsopplegget som læraren lagar.  

Filmane kan brukast som

  1. ein første introduksjon til emnet bioteknologi, særleg film 1
  2. fordjuping innanfor ei bestemt problemstilling eller fagområde
  3. utgangspunkt for diskusjonar i elevgruppa om bioteknologi
  4. ein fagleg læringsressurs i emnearbeid om bioteknologi

Under fana ”Læreplan” er aktuelle kompetansemål for filmane i Bioteknologiskolen sorterte både etter fag og trinn. På nettsida til kvar enkelt film er òg relevante kompetansemål ført opp. Læreplanreferansane er rettleiande, og materialet kan flettast inn i opplæringa der det passar, anten innanfor dei einskilde faga eller i tverrfaglege undervisningsopplegg.